Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

TH Eigedom IKS - utviding av selskapsføremålet til å kunne omfatte idrettsbane

PS 85/24 · Fylkestinget 18. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

1. Vestland fylkeskommune vedtek endringar i selskapsavtalen for TH Eigedom IKS, slik at dei endra føresegnene får følgjande utforming: Ny § 3: «Selskapet sitt føremål er å eige og drive eigedomen som omfattar Trivselshagen skule og kultur, Trivselshagen bad og idrett og annan eigedom som eigarane i samråd tillegg selskapet ansvar for. Vidare er føremålet å leige ut eigedomen/ane til eigarane, i eit omfang og på ein måte som er nærmare regulert i eigne leigeavtalar.» Ny § 4: «Deltakarane har gjort innskot i selskapet i kontante midlar i samsvar med tidlegare selskapsavtala(r). Deltakarane er samde om at bygningsmassen som går inn i selskapets drift og ansvar (Trivselshagen bad & idrett og Trivselshagen skule & kultur) vert eigd av selskapet. I tillegg til kontantinnskotet har fylkeskommunen overført Firdahallen til selskapet. Bygningsmassen til selskapet strekkjer seg over fleire ulike eigedomar som deltakarane eig/disponerer. Deltakarane skal inngå festavtalar til grunn bygningane står på og til annan eigedom som til ei kvar tid inngår i selskapet si anleggsportefølje. Selskapet skal ikkje betale festeavgift.» Ny § 8: «Ordinære representantskapsmøte skal haldast innan 1. mai. (vårmøte) og 15. oktober (haustmøte), og skal behandle: ...» Ny § 10 «...Samansetnad og val Styret skal ha fem medlemmer med personlege varamedlemmer. Styret med leiar og nestleiar vert vald av representantskapet for to år om gongen. Kvar av eigarane skal peike ut to styremedlemmer med vara. Representantskapet skal peike ut ein ekstern styreleiar utan tilknyting til eigarane. Styreleiar og nestleiar skal veljast annakvart år etter framlegg frå valkomiteen. Vervet som nestleiar byter mellom eigarane slik at den eigaren som har vervet som nestleiar i representantskapet, også har vervet som nestleiar i styret, jf §7. ...» 2. Før selskapet eventuelt tek over eigarskapen til- og drifta av anlegget, bør eigarane bli samde om ei høvesvis fordeling av leige/driftskostnad mellom eigarane ut frå bruk/nytte, på tilsvarande måte som i dagens leigeavtale for bygga.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    64 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.