Rapportering på Strategi for mjuke trafikantar
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Saksprotokoll i Fylkesutvalet - 04.04.2024 1. Fylkestinget meiner at Strategi for mjuke trafikantar er eit godt rammeverk for korleis fylkeskommunen skal arbeide med tilrettelegginga for mjuke trafikantar, og er med på å legge til rette for trygge lokalsamfunn der innbyggjarane kan gå og sykle i staden for å bruke bil. 2. Fylkestinget legg til grunn at Strategi for mjuke trafikantar vert følgt opp i rullering av RTP Investering og dei årlege budsjettprosessane. 3. Fylkestinget ser at det er utfordringar med å prioritere tilstrekkeleg med midlar til drift og vedlikehald på fylkesvegnettet. Fylkestinget ber om ein gjennomgang av dei viktigaste sykkelvegrutene i Bergen saman med Bergen kommune og Statens vegvesen med mål om betre og meir samanhengande drift og vedlikehald uavhengig av vegeigar. 4. Fylkestinget ber om at det som ein del av porteføljestyringa i RTP Investeringar vert lagt fram ei tiltaksliste for trafikksikrings- og gang- og sykkeltiltak for prioriterte regionsenter for 2026. 5. Fylkestinget peiker på at det er få godkjente planar for mjuke trafikantar, og ber om at det vert arbeida målretta med å få fram byggeklare prosjekt til den årlege budsjetthandsaminga. 6. Fylkestinget sluttar seg til ein ambisjon om å starte opp to større gang- og sykkelprosjekt utanom byvekstområdet årleg. 7. Fylkestinget ber fylkesdirektøren utarbeide ei sak om å gjere Vestland fylkeskommune til ei "trafikksikker fylkeskommune" etter Trygg Trafikk si modell
Voteringer
- InnstillingVedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 4. apr. 2024 Fylkesutvalet: Rapportering på Strategi for mjuke trafikantar
- 13. mars 2024 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Rapportering på Strategi for mjuke trafikantar
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.