Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Forskrift om hovudmål på vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune

PS 77/24 · Fylkestinget 18. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

1. Fylkestinget vedtek ikkje ny forskrift om hovudmål etter ny opplæringslov § 15-2 første avsnitt. Fylkestinget ønskjer å halde seg til eksisterande praksis når det gjeld undervisningsspråk i den vidaregåande skulen, der det er opp til den einskilde læraren kva undervisningsspråk som skal nyttast. Denne valfridomen vert ikkje rokka av at ein fylkeskommune har vedtak om administrasjonsspråk for dei vidaregåande skulane, som til dømes ein har i Vestland der dei vidaregåande skulane har nynorsk som administrasjonsspråk. 2. Fylkestinget ber Regjeringa og Stortinget endre opplæringslova § 15-2 første avsnitt, slik at fylkeskommunane sjølv har fridom til å velje korleis språkpolitikken i dei vidaregåande skulane skal utformast. Denne språkpolitikken inneber mellom anna å støtte oppunder føremålet med språklova jfr. språklova §1 andre ledd bokstav a: «offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk». I §1 tredje ledd er det spesifisert at dette ansvaret «omfattar eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.» Ei forskrift som tvingar skuleeigar til å velje kva målform ein skule skal ha, også som undervisningsspråk, bidreg ikkje til å fremje nynorsken korkje i Vestland eller resten av landet. Resultatet vert snarare mindre språkmangfald og at elevane vert mindre eksponerte for nynorsk i kvardagssituasjonar. Forskriftskravet etter ny opplæringslov § 15-2 første avsnitt inneber at ein elev i til dømes Bergen kommune, Askøy kommune eller i eit bokmålsfylke kan gå tre år utan å sjå nynorsk verte nytta i undervisninga anna enn i norskundervisninga. Fylkestinget i Vestland meiner dette vil vere eit stort tilbakesteg.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 5. juni 2024 Fylkesutvalet: Forskrift om hovudmål på vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune
  • 22. mai 2024 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Forskrift om hovudmål på vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.