Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn: Ingen innkjøp frå okkupert land!

PS 32/24 · Fylkestinget 19. mars 2024 · Behandlet

Voteringer

  1. Fråsegn: Ingen innkjøp frå okkupert land!Vedtatt

    Forslag fra Alexander Papas (SV)

    Forslagsteksten

    Torsdag 7. mars 2024 kom den norske regjeringa med ei tydeleg melding til norsk næringsliv, der ho frårår handel og næringsverksemd med israelske busetnadar. Frårådinga kjem på bakgrunn av Israel sin folkerettsstridige busetnadspolitikk, intensiveringa av denne politikken det siste året, i tillegg til nye busetnadsutvidingar og auka busettarvald mot palestinarar. Frårådinga omfattar handel med varer som er produserte i israelske busetnader. Situasjonen på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem er uhaldbar, og fjoråret var det dødelegaste året for palestinarar på Vestbreidda sidan FN byrja å registrera. Sidan 7. oktober 2023 er 400 palestinarar på Vestbreidda blitt drepne, samstundes som den israelske regjeringa i fjor gjorde fleire endringar som la til rette for auka utbygging og busetnad på okkupert land på Vestbreidda. Regjeringa si fråråding er eit tydeleg signal om at norsk næringsliv bør vera merksame på at ein igjennom handel og næringsverksemd med og i okkupert land, kan bidra til brot på internasjonal humanitærrett eller menneskerettane. Dette er eit signal som ikkje berre bør ansvarleggjera norsk næringsliv, men som også ansvarleggjer kommunane og fylkeskommunane igjennom innkjøpa og innkjøpsprosessane deira. Vestland fylkesting meiner at Vestland fylkeskommune i sine innkjøpsprosessar, skal følgja regjeringa si fråråding, og ikkje driva innkjøp frå dei folkerettsstridige israelske busetnadane.

    53 for · 10 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 4 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Uavh. 2 for
    • Bergenslisten 1 for / 1 blank
    • INP 1 for
    • PP 1 mot
    • FrP 9 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.