Uttale om havbruk
Voteringer
- Sjå tiltak innen havbruk i samanheng-utset nedtrekk i PO3 og PO4Falt
Tilleggsforslag fra Sigrid Brattabø Handegard (Sp)
Forslagsteksten
Uttale frå Vestland fylkesting vedk. Trafikklyssystemet, kunnskapsgrunnlaget, og mogeleg nedtrekk i PO3 og PO4 Vestland fylkesting bed Regjeringa v/Fiskeri og havministeren utsetje verknadstidspunktet for justering av kapasiet ( kapasitetsjusteringsforskriften 2024) til Stortinget har handsama den kommande Havbruksmeldinga ( våren 2025). Ei slik tilnærming vil etter fylkestinget si vurdering vera i tråd med NOU 2023:23 som konkludera med at kollektive nedtrekk som ledd i Trafikklyssystemet ikkje er ein eigna måte å regulera havbruksnæringa på og gjev ikkje ønska resultat. Havbruk er ei av dei viktigaste framtidsnæringane i Vestland. Næringa produserar mat og representerar ei betydeleg mengd arbeidsplasser og verdiskaping i mange lokalsamfunn. Føreseielege rammevilkår med utgangspunkt i forskningsbasert kunnskap og tiltak, er avgjerande for ei bærekraftig næring framover. Bakgrunn I 2015 vedtok Stortinget innføring av Trafikklyssystemet med ulik fargelegging av produksjonsområda etter påverknad på villaksen. Raud farge betyr nedtrekk, gul farge uendra og grøn farge mogelegheit for vekst i produksjon. Av dei viktigaste premissane Stortinget la til grunn for innføringa av Trafikklys var at ein skulle få eit føreseiieleg system der oppdrettarane skulle kunna sjå samanhengen mellom eigne tiltak og fargelegginga i Trafikklyssystemet. Kva har skjedd? Er Stortinget sin intensjon følgd opp? Fylkestinget har merka seg at Produksjonsområde 3 og Produksjonsområde 4 (Karmøy-Stadt) har fått raud farge i årets trafikklysvurdering. Status i Vestland ( PO3/PO4) Næringa har gjort omfattande koordinerte tiltak som har redusert lusenivået i anlegga. Redusert lusenivå ca 35 % i PO3 og 42% i PO4 i utvandringsmånadane(april-juni) i perioden 2017-2023.(ref Manolin Aquas 2023). Veterinærinstituttets Fiskehelserapport (2024 s 171,172) stadfestar same trenden. I 2023 åleine reduserte næringa talet på fisk med meir enn 50 % i Sognefjorden, og talet på holus med meir enn 70 % i utvandringsmånadane. I PO3 ( Karmøy-Sotra) var det i 2023 i utvandringsmånadane færre fisk og lus i anlegga enn før innføring av Trafikklyssystemet. Forskningsprogrammet Salmon Tracking 2030, støtta av Vestland fylkeskommune, har bl.a. som mål å styrka kunnskapen om status for villaks og sjøaure i PO3 og PO4. Forskningsresultata syner at tilstanden av villaks i dei fleste elvane i Vestland er på gult eller grønt nivå. I indre Sogn, er derimot tilstanden i 10 elvar på rødt. Dette i eit geografisk område som både har redusert tal holus på oppdrettsfisken og tal fisk i merdane dei seinare åra. Havbruksnæringa i Vestland har styrka samarbeidet og gjort ein betydeleg innsats for å redusera lusepåverknad i tråd med intensjonane til Trafikklyssystemet. Vestland fylkesting deler utfrå ovanfornemde næringa sitt syn på at det kan vera vanskeleg å sjå samanhengen mellom tiltak/resultat og fargelegginga i Trafikklyssystemet, som var Stortinget sin føresetnad. Å ytterlegare svekka verdiskapinga og konkurransekrafta i næringa med tiltak fleira av fagmiljøa no stiller spørsmål ved om er treffsikre nok, bør vera god grunn til å stoppe opp. Eit totalt nedtrekk på 12 og 18 prosent av produksjonen i Vestland med årets fargelegging vil ha store negative følgjer for: · Næringa si økonomiske evne til å investera i ny miljøteknologi · Manglande tilgang på råstoff til foredlingsbedriftene · Reduksjon av arbeidsplasser og verdiskaping · Reduksjon av midlar til Havbruksfondet · Mindre skatteinntekter til fellesskapet · Usikker verknad på villaksen Vestland fylkesting bed difor Regjeringa v/Fiskeri og havministeren utsetje verknadstisspunktet for justering av produksjonskapasiteten til handsaming av den varsla Havbruksmeldinga våren 2025. Uttalen sendast Fiskeri og hav ministeren, Statsministeren sitt kontor, Stortingsbenkane til Hordaland og Sogn og fjordane.
38 for · 27 mot
- H 15 for
- FrP 9 for
- Sp 7 for
- Bergenslisten 2 for
- Uavh. 2 for
- INP 1 for
- KrF 2 for / 1 mot
- PP 1 mot
- R 2 mot
- MDG 3 mot
- V 3 mot
- SV 5 mot
- A 12 mot
- Alternativ uttale om havbrukFalt
Alternativforslag fra Stian Jean Opedal Davies (A)
Forslagsteksten
Se vedlegg.
19 for · 46 mot
- A 12 for
- SV 5 for
- PP 1 for
- INP 1 mot
- KrF 1 for / 2 mot
- Bergenslisten 2 mot
- R 2 mot
- Uavh. 2 mot
- MDG 3 mot
- V 3 mot
- Sp 7 mot
- FrP 9 mot
- H 15 mot
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.