Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Endring av selskapsstruktur

PS 25/24 · Fylkestinget 19. mars 2024 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Saksprotokoll i Fylkesutvalet - 06.03.2024 1.Vestland fylkeskommune er positive til at arbeidsmarknadsverksemd Beredt AS ikkje lenger har høve til å drive med, vert vidareført eller etablert i eit anna/nytt selskap. Ein føresetnad for fylkeskommunal involvering i dette, er at det eksisterer eit samfunnsbehov for eit slikt breiare spekter av arbeidsmarknadstenester (utover å yte arbeidsførebuande trening og varig tilrettelagt arbeid for NAV) i Bergensområdet, som eksisterande tilbydarar i marknaden ikkje stettar fullt ut. 2.Noko av målet med å opprette eit nytt Beredt-selskap er å kunne dra nytte av den eksisterande kompetansen og den opparbeidde erfaring som allereie ligg i Beredt AS til beste for samfunnet, slik at denne kompetansen ikkje forsvinn i samband med at Beredt AS har snevra inn verksemda si i tråd med krav frå NAV. 3.Fylkestinget ber fylkesdirektøren undersøke om det eksisterer eit behov i samfunnet for at eit nytt «Beredt-selskap» tilbyr eit breiare spekter av arbeidsmarknadstenester. 4.Dersom undersøkingane syner eit samfunnsbehov for slike tenester, får fylkesdirektøren fullmakt til å gå starte opp ein prosess med sikte på skiping av eit slikt selskap. Som del av prosessen får fylkesdirektøren i oppgåve å undersøke kva som vil vere den mest føremålstenlege måten å etablere selskapet på, t.d. om fylkeskommunen sjølv skal skipe eit slikt selskap, eller om det bør gjennomførast som ei omstrukturering i eksisterande selskap. Det vil vere aktuelt å sjå nærmare på kva organisering som vil vere lovleg ut frå m.a. krav frå Nav, lovkrav i selskapslovgjevinga, rekneskapslovgjevinga og statsstøttereglane. Selskapet sine økonomiske føresetnader vil også ligge til grunn som ein viktig premiss for vurderinga, og det same vil omsynet til dei tilsette i selskapet. 5.Dersom det er aktuelt for fylkeskommunen å sjølv skipe eit nytt selskap- eller ta direkte eigarskap i eit eksisterande, så vil det ligge til grunn som ei målsetjing at fylkeskommunen berre skal vere eigar av dette selskapet i ein oppstartsfase. Når selskapet er over i ein tilnærma normal driftsfase, vil fylkeskommunen sjå nærare på om det vil vere føremålstenleg å legge eigarskapet til begge «Beredt-selskapa» i eit holding-selskap.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    57 for · 0 mot · enstemmig

  2. Alternativ innstillingFalt

    4 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.