Grøn region Vestland - Oppfølging av Vestlandsporteføljen 2.0
Innstilling
Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.
Saksprotokoll i Fylkesutvalet - 06.03.2024 1. Fylkestinget sluttar seg til ambisjonane i Vestlandsporteføljen 2.0 og hubbkriteria som kjem fram i saka. Vestlandsporteføljen 2.0, i Grøn region Vestland, omfattar i utgangspunktet dei 19 grøne hubbane. Porteføljen er av natur dynamisk og kan slik bli endra i perioden. For å få hubbstatus må bedriftene i hubbane i tillegg slutte seg til FN sine berekraftsmål og drive i tråd med tariffavtalar og internasjonale konvensjonar. 2. Fylkestinget ser dei strategiske vegvala som naudsynte for å ta ut potensialet i Vestlandsporteføljen 2.0 • Hubbane må etablere ein styringsmodell som sikrar god forankring av arbeidet i bedriftene • Hubbane må utarbeide ein oversikt over materialstraumane og kva potensiale det har for industriell symbiose • Arbeidet med å forsere dei fire største barrierane, kapital, kraft, kompetanse og areal, må intensiverast • Heile økosystemet av aktørar med relevante verkemidlar må mobiliserast. 3. Vestland fylkeskommune skal bidra til å realisere dei grøne hubbane gjennom god dialog og avklaring av behov som kan løysast gjennom fylkeskommunal forvalting, drift og verkemidlar. 4. Bergen er sentral for å gje hubbane tilgang på viktige forskings- og utdanningsmiljø, sterke innovasjonsmiljø og institusjonar. Fylkestinget ser det som ein mogelegheit at dei grøne hubbane kan trekke vekslar på innovasjonskrafta i desse miljøa. 5. Grøn region Vestland skal, der det er relevant, bidra til at Vestland lukkast med å ta posisjon som ein global havregion innanfor rammene til fellesprosjektet One Ocean Havbyen Bergen. 6. Fylkestinget ser at innrettinga av dei nasjonale verkemidlane ikkje treffer ambisjonane og metodikken i Grøn region Vestland godt nok. Dei fleste verkemidlane er innretta mot einskildbedrifter og ikkje konsortium av bedrifter som skal utvikle industriell symbiose. Det manglar også gode verkemidlar for risikoavlasting i umogne marknader og system for effektiv utnytting av fornybare energikjelder. Vestland fylkeskommune skal gå i dialog med nasjonale styresmakter om endringar i dei nasjonale verkemidlane basert på erfaringane i Grøn region Vestland. 7. Fylkestinget understrekar behovet for snarleg utbygging av kapasiteten i kraftnettet, slik at nødvendig kraft vert tilgjengeleg for grøn næringsutvikling. Vestland fylkeskommune ber statlege styresmakter om raske prosessar og avgjerder i aktuelle saker om nettutbygging. 8. Næringslivet sitt behov for transport på land og sjø må ivaretakast gjennom NTP og RTP. Både stat og fylke har eit ansvar for infrastruktur, og må syte for naudsynt tilrettelegging og prioritering. 9. Fylkestinget vil framheve at hubbane knytt til Vestlandsporteføljen 2.0 vil kunne bidra med fleire arbeidsplassar i regionen. Det er difor ei forventning at dette vil gi fleire læreplassar. Utvalet meiner det er naturleg at potensialet som ligg i «Grøn region Vestland» òg vert synleggjort i sak om tilbodsstruktur i Vestland.
Voteringer
- Innstillinga punkt 1-4, 6 og 9Vedtatt
61 for · 4 mot
- H 15 for
- A 12 for
- FrP 9 for
- Sp 7 for
- SV 5 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- V 3 for
- R 2 for
- PP 1 for
- Bergenslisten 1 for / 1 mot
- INP 1 mot
- Uavh. 2 mot
- Innstillinga punkt 5 og 7Vedtatt
59 for · 6 mot
- H 15 for
- A 12 for
- FrP 9 for
- Sp 7 for
- SV 5 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- V 3 for
- PP 1 for
- Bergenslisten 1 for / 1 mot
- INP 1 mot
- R 2 mot
- Uavh. 2 mot
- Innstillinga punkt 8Vedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 6. mars 2024 Fylkesutvalet: Grøn region Vestland - Oppfølging av Vestlandsporteføljen 2.0
- 26. feb. 2024 Hovudutval for næring: Grøn region Vestland - Oppfølging av Vestlandsporteføljen 2.0
- 20. feb. 2024 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Grøn region Vestland - Oppfølging av Vestlandsporteføljen 2.0
- 14. feb. 2024 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Grøn region Vestland - Oppfølging av Vestlandsporteføljen 2.0
- 14. feb. 2024 Hovudutval for kultur, idrett og inkludering: Grøn region Vestland - Oppfølging av Vestlandsporteføljen 2.0
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.