Markering av utvandrarjubileet i 2025
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Saksprotokoll i Fylkesutvalet - 06.03.2024 1. Vestland fylkeskommune vil markere utvandrarjubileet i 2025 ved å utvikle eit formidlingsopplegg for barn og unge basert på historisk kjeldemateriale frå Vestland. 2. Vestland fylkeskommune vil undersøke moglegheita for å markere jubileet også i USA der ein kan fremje Vestland gjennom kultur, gjerne i samarbeid med næringsliv og andre aktørar. Eiga sak om dette vert å legge fram for KULII. 3. Vestland fylkeskommune inviterer inn samarbeidspartnarar og etablerer prosjektorganisasjon. 4. Partnarar deltek med eigne ressursar, og det vert vidare føresett at prosjektorganisasjonen følgjer opp finansieringsbehov utover dette ved å søke tilskot frå ulike eksterne fond og støtteordningar. 5. Det fylkeskommunale finansieringsbehovet vert løyst gjennom budsjettprioriteringar innafor dei vedtekne rammene for 2024.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 6. mars 2024 Fylkesutvalet: Markering av utvandrarjubileet i 2025
- 14. feb. 2024 Hovudutval for kultur, idrett og inkludering: Markering av utvandrarjubileet i 2025
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.