Fråsegn: Rassikring av fylkesvegnettet
Voteringer
- Rassikring av fylkesvegnettet.Vedtatt
Alternativforslag fra Frode Nygård (FrP)
Forslagsteksten
Vestland fylke har store utfordringar når det gjeld rassikring av fylkesvegnettet. I oppdatert liste over skredsikringsplanar for fylkesvegnettet( RS sak 118/23) er det på dei fem første prosjekta eit investeringsbehov på 6,87 milliarder. Denne kostnaden er ikkje på noko måte handterbar med dei løyvingane Vestland fylke får i rassikringsmidler i dag. Vestland Fylkesting ser det som naudsynt å ta tak i utfordringa med manglande statlege overføringar til rassikring på bakgrunn av fylgjande: Regjeringa føreslår for 2024 å bevilga 941 millioner kroner som rammetilskudd til fylkeskommunane sitt skredsikringsarbeid på fylkesveg. Ein minimal bevilgning som ikkje hensyntar høg prisstigning eller auka naturfare som følge av klimaendringar. Behovet for rassikring av fylkesvegar er enormt. Allerede i 2019 vart det kartlagt eit behov på 10 tals milliarder kroner for å rassikre fylkesvegane i Noreg. I enkelte fylker vil det ta 120 år å rassikre med slik bevilgningstakt. Vestland fylkesting ber difor regjeringa fylgje opp Nasjonal rassikringsgruppe sitt krav om at bevilling til rassikring på fylkesveg må aukast til 2 milliarder kroner i året. Fylkestinget ber og om at regjeringa ser på moglegheiten for å gå inn og gje særløyving til rassikringsprosjekt på fylkesveg som skal ivareta nasjonale behov.
61 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.