Fråsegn: Gruvedrift på havbotn
Voteringer
- Fråsegn Gruvedrift på havbotnenFalt
Alternativforslag fra Bjarte Helland (R, MDG, SV, V, INP)
Forslagsteksten
Fråsegn Gruvedrift på havbunnen Fråsegn: Nei til gruvedrift på havbotnen Eit stortingsfleirtal opnar for å leite etter mineral på havbotnen. Det er urovekkjande. Vi veit ingenting om korleis ei slik verksemd vil påverke det økologiske miljøet i havet. Ein risikerer dermed å øydeleggje enorme naturverdiar for usikker gevinst. Fleire miljøforskarar har åtvara mot å opne for gruvedrift på havbotnen. Miljødirektoratet meiner det er altfor lite kunnskap om korleis ein kan drive mineralverksemd på ein forsvarleg måte som gjer at ein kan opna for å leiting på norsk sokkel. Stortingsfleirtalet går såleis imot alle faglege råd. Skal Noreg vera leiande som havnasjon og innan havforvalting, er det heilt naudsynt at regjeringa og Stortinget stansar desse planane. Framlegg til vedtak: Vestland fylkesting stiller seg negative til forslaget om å opna for gruvedrift på havbotnen, og oppmodar regjeringa og Stortinget om å stanse alle planar som opnar for slik verksemd.
20 for · 41 mot
- SV 5 for
- MDG 3 for
- Uavh. 3 for
- V 3 for
- R 2 for
- PP 1 for
- Bergenslisten 1 for / 1 mot
- KrF 1 for / 2 mot
- Sp 1 for / 6 mot
- FrP 6 mot
- A 12 mot
- H 14 mot
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.