Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Auka garantiramme for E134 Røldal-Seljestad

PS 117/23 · Fylkestinget 13. desember 2023 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

1. Vestland fylkeskommune garanterer ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for Ferde, avgrensa til 1 242 mill. kr for lån til delfinansiering av E134 Røldal-Seljestad. 2. Garantibeløpet gjeld med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av eventuelle komne renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet blir følgjeleg 1 367 mill. kr. 3. Garantien omfattar også inngåtte sikringsavtaler knytt til prosjektets lånefinansiering. 4. Vestland fylkeskommune har rett til å sikre garantiane med 1. prioritets pant i Ferde AS sin rett til å innkrevje bompengar i E134 Røldal-Seljestad, med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av eventuelle komne renter og omkostningar. 5. Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i forbindelse med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år. Innkrevjingsperioden kan i særskilte tilfelle forlengast med inntil fem år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiforskriftas § 3. Samla garantitid blir, inkludert byggeperioden, på inntil 27 år frå første opptrekk på finansieringa i forbindelse med rekvisisjonar frå Statens vegvesen. 6. For å redusere garantistens økonomiske risiko, kan Ferde ved sviktande økonomi i E134 Røldal- Seljestad, søke ein auke i gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og en forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år. 7. Vestland fylkeskommune sitt garantiansvar reduserast i takt med den faktiske nedbetalinga av Ferde sin gjeld for E134 Røldal-Seljestad. 8. For å sikre bompengeinnkrevjinga frå mogeleg kryssfinansiering seier Vestland fylkeskommune frå seg mogelegheita for regresskrav som går utover Ferde sin innkrevjingsrett for E134 Røldal-Seljestad i tilfelle der garantien kjem til anvendelegheit. 9. Garantiane vert gitt under føresetnad av Kommunal- og distriktsdepartementets godkjenning etter kommunelova § 14-19 første ledd. 10. Vestland fylkeskommune ønskjer å innlemme E134 Røldal-Seljestad i ein framtidig ordning for statleg delgaranti. Fylkeskommunen ønskjer 50 pst. avlastning på sitt garantiansvar.

Voteringer

  1. Statleg garantiFalt

    Alternativforslag fra Frank Willy Pedersen Djuvik (FrP)

    Forslagsteksten

    Vestland fylkeskommune krev at Staten stiller lånegaranti for E134 Røldal-Seljestad.

    17 for · 48 mot

    • FrP 9 for
    • R 2 for
    • Uavh. 2 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • Bergenslisten 1 for / 1 mot
    • V 1 for / 2 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot
  2. InnstillingVedtatt

    57 for · 8 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 2 for
    • R 2 for
    • Uavh. 2 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • FrP 1 for / 8 mot

Andre behandlinger

  • 28. nov. 2023 Fylkesutvalet: Auka garantiramme for E134 Røldal-Seljestad
  • 22. nov. 2023 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Auka garantiramme for E134 Røldal-Seljestad

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.