Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Konkurranse om båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm - manglande finansiering

PS 120/23 · Fylkestinget 13. desember 2023 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

1. Vestland fylkeskommune har ein klar intensjon om å gå fremst i det grøne skiftet og å syte for at båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm vert drifta med nullutsleppsteknologi 2. Miljøkrava som er stilt i anbodet vil påføre Vestland fylkeskommune vesentlege meirkostnader og fylkeskommunen sin økonomiske situasjon medfører at det ikkje vil vere mogleg å forplikte seg utan tilstrekkeleg medfinansiering. Det er på denne bakgrunn ein føresetnad for inngåing av kontraktar med nullutsleppsteknologi på desse båtrutene at det ligg føre tilstrekkeleg statleg finansiering av meirkostnadene. 3. Med bakgrunn i forholda som nemnt i vedtakspunkt nr. 2 ber fylkestinget fylkesdirektøren om å avlyse den pågåande konkurransen. 4. Fylkestinget føreset at konkurransen vert kunngjort på nytt med ny tilbodsfrist 15.06.24.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.