Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Prisstrategi for båtreiser i Vestland

PS 128/23 · Fylkestinget 13. desember 2023 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

1. Det blir innført ny avstandsbasert prismodell for båt i hele Vestland fylke innan utgangen av 2024. 2. Båtreiser inntil 15 kilometer blir prisa med tilsvarande pris som buss/bybane i ei sone. Lengre reiser blir prisa etter kor lang reisa er. Avbøtande tiltak blir nytta for dei lengste reisene. 3. Bybåtsambanda Kleppestø – Bergen og Knarvik – Frekhaug - Bergen blir vidareført som del av Sone A for buss og bane. Båtsambanda (2 stk) i Florøbassenget blir vidareført som del av Sone H for buss. 4. Reglar og vilkår vert i størst mogeleg grad harmonisert med tilsvarande for buss/bybane. 5. Prismodell og nye prisar må vere inntektsnøytrale på tidspunktet for innføring. Protokollmerknad frå Fremskrittspartiet Prisharmonisering har vore eit viktig politisk mål sidan Vestland fylke vart etablert. Det har likevel tatt svært lang tid å få på plass ein prisstrategi for båt som ivaretek alle dei ulike hensyna i fylket. Ein viktig føresetnad har vore at ikkje prisane skal auke for brukarane ved innføring av eit nytt system. Ettersom forslaget som no vert foreslått frå fylkesdirektøren er kostnadsnøytral, så medfører det at denne føresetnaden vert broten. Heile denne konsekvensen vert lagt på ruter utover 15 km, ettersom dei kortare båtrutene held seg innan sonesystemet. Det er svært kritikkverdig at reduserte takstar i ny prisstrategi vert finansiert ved å pålegge andre ruter til dels store auker i takstar. Dette vil være negativt for utviklinga av viktige bu- og arbeidsområder i fylket. Vi vil komme tilbake i budsjetthandsaminga med framlegg om finansiering av reduserte takstar for dei berørte rutene.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 28. nov. 2023 Fylkesutvalet: Prisstrategi for båtreiser i Vestland
  • 22. nov. 2023 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Prisstrategi for båtreiser i Vestland

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.