Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn: Styrk den reginale satsinga på forsking

PROCEEDING 113/23 · Fylkestinget 1. november 2023 · Behandlet

Voteringer

  1. STYRK DEN REGIONALE SATSINGA PÅ FORSKINGVedtatt

    Tilleggsforslag fra Noralv Distad (H)

    Forslagsteksten

    STYRK DEN REGIONALE SATSINGA PÅ FORSKNING I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2024 vert det tilrådd å kutta løyvingane til dei regionale forskingsfonda. Vestland fylkesting ber om at Stortinget rettar opp i dette og syter for at midlar kjem på plass. Behovet for forskingsmidlar vil auka i åra framover og dei regionale prosjekta må få nødvendige løyvingar. Regionalt forskingsfond Vestland har i fleire år hatt stor aktivitet, og seinast i juni 2023 har 10 nye prosjekt fått støtte. Fylkeskommunen forventa vidare støtte frå staten og har difor forskottert midlar for å sikra kontinuerleg aktivitet. Det vert svært krevjande å dekka inn eit heilt uventa og uheldig kutt. Vestland fylkeskommune har store ambisjonar for berekraftig verdiskaping. Det krev høgt fokus på kunnskap og kompetanse. Det er difor lagt vekt på at forskingsmidlar skal vera tilgjengelege på brei basis, for næringsliv, offentleg sektor og forskingsorganisasjonar i regionen. Forskinga er med på å utvikla nye forretningsområde og næringar. Forsking og innovasjon er heilt grunnleggjande for å lykkast med det grøne skiftet, skapa regional vekst og sørgja for at det er attraktivt å bu i heile landet, både i distrikt og byar. Regionalt forskingsfond Vestland er den viktigaste økonomiske kjelda til forsking i regionen. Å svekka den krafta som ligg i regional innovasjon og forsking er svært uheldig. (Fråsegn til Utdanning og forskingskomiteen på Stortinget, stortingsbenkene

    65 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.