Fråsegn: Kompensasjon for auka utgifter på kollektiv og nye grøne hurtigbåtar
Voteringer
- UttaleVedtatt
Tilleggsforslag fra Stian Jean Opedal Davies (MDG, Sp, KrF, A, SV, V)
Forslagsteksten
Vestland fylkesting ber staten kompensera for dei auka utgiftene i kollektivsektoren frå 2022 i budsjettet for 2024, og at staten lagar ein kompensasjonsordning for grøne hurtigbåtar som sikrar klimakutt og eit godt rutetilbod, også for dei anboda som av kontraktsmessige årsaker vert setja i gang før kravet i 2025. Vestland fylkeskommune er i front på klimakutt, og har teke risiko for å kutta utslepp innan kollektivtrafikk, ferjer og no hurtigbåtar. Vestland si framoverlente haldning har kosta, men gevinsten i form av innovasjon og ny teknologi i industrien og store klimakutt har vore verd det. Vestland fylkeskommune tek sin del. No må staten stilla opp. Dei tradisjonelle hurtigbåtane er klimaverstingar som slepp ut meir Co2 per passasjer enn det eit fly gjer. Å gå over til hurtigbåtar på nullutslepp er neste steg for dei store klimakutta, samstundes som me skapar nye moglegheiter for industrien. Men det kostar. Potensielt kan kostnaden med å vere først på grøn teknologi på hurtigbåtane som går over lengre distansar koste oss 100 millionar kronar meir i året på einskilde strekningar. For at ikkje klimakutt skal gå ut over velferda, må staten vera med på spleiselaget. Regjeringa har lova kompensasjon for meirutgiftene knytt til grøne ferjer og hurtigbåtar. Det er viktig at det leverast på snarast råd. Samstundes må kompensasjonen gjelda dei faktiske meirutgiftene for den grøne teknologien (på engelsk kalla «the green premium»), og ikkje minst kompensera mest dei som er først. Det er heller ikkje ukjent at kostnadane innanfor kollektivsektoren aukar. Med prisauken på energi og andre såkalla innsatsfaktorar, har det gjort at drifta av kollektivtrafikken har vorte mykje dyrare. Regjeringa leverte på kompensasjon for meirutgiftene i 2023, men det er endå eit etterslep etter 2022. For Vestland betyr dette omtrent 150 millionar kronar i ikkje-dekte meirkostnadar i året. Fylkestinget er uroa for at manglande kompensasjon for desse meirkostnadane, anten går ut over fylkesvegane, vidaregåande opplæring eller manglande klimakutt. Vi gjer det me kan for å sørgja for at fleire kan reisa kollektivt på grøn teknologi. Me har teke stor risiko. No forventar me at staten blir med på spleiselaget. Uttalen sendast til Statsministeren sitt kontor, Klima- og miljødepartementet, Samferdsledepartementet og Stortingsbenkane i Hordaland og Sogn og Fjordane.
65 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.