Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn: Kongshaug Musikkgymnas

PROCEEDING 92/23 · Fylkestinget 17. oktober 2023 · Behandlet

Voteringer

  1. Kongshaug MusikkgymnasVedtatt

    Tilleggsforslag fra Trude Brosvik (KrF)

    Forslagsteksten

    Utan likebehandlingstilskot kan Kongshaug Musikkgymnas bli lagt ned Vestland Fylkeskommune er uroa for at eit svært viktig musikk-utdanningstilbod i fylket kan falle bort, og er ikkje nøgd med at nasjonale styresmakter har vedteke å fjerne musikkundervisings-tilskot som sikrar at får finansiering på linje med offentlege musikktilbod. Kongshaug Musikkgymnas i Bjørnafjorden har vore starten på musikk-karriere for mange utøvarar på nasjonalt nivå. Men det er også ein viktig bidragsytar til at musikk- og kulturlivet i kommunane får tilgang på ressurspersonar til viktig arbeid. Svært mange korps- og kor-dirigentar, samt kulturskulelærarar har bakgrunnen sin frå Kongshaug Musikkgymnas og nyttar den kunnskapen saman med anna yrkesutdanning i heile fylket. Vestland fylkeskommune er redd denne kompetansen blir vanskelegare å få nok av viss gode tilbod som Kongshaug musikkgymnas må legge ned grunna at statleg tilskot gjennom over 20 år fell vekk. Kongshaug Musikkgymnas, saman med to andre vidaregåand skular (Vennesla KVGS og Steinerskolen i Oslo), har sidan 2000 fått eit «likebehandlingstilskot / særtilskot» for at ein skal kunne tilby den undervisinga læreplanen krev. For musikk så er det ofte ein-til-ein-undervising i instrument eller undervising i mindre grupper. Fylkeskommunen gjer det på same måte på dei offentlege musikkklinjene. I statsbudsjettet for 2023 vart tilskotet halvert, og i framlegg til statsbudsjett for 2024 er det foreslått fjerna heilt. For Kongshaug Musikkgymnas utgjer det 4,5 millionar NOK. I tillegg til å vere ein skule kjent for svært høgt fagleg nivå og med eit godt rykte, er Kongshaug ein internatskule og ein stor arbeidsplass i Bjørnafjorden kommune. Skulen har 125 elevar frå heile landet, ca halvparten er frå Vestland fylke (59 for skuleåret 23/24). Fylkestinget i Vestland vil be partia på Stortinget samarbeide for at ordninga med tilskot til reine musikklinjer til Kongshaug Musikkgymnas vert teke inn att i budsjettet for 2024 og vert vidareført, i alle fall til ei varsla ny og varig ordning for alle skular med musikklinjer er på plass. Mottakarar av uttalen: partia på Stortinget, Utdanningskomiteen og Kulturkomiteen Utdanningsminister og kulturminister

    63 for · 2 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • FrP 9 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 2 for
    • Uavh. 2 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • R 2 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.