Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Overordna eigarskapskontroll i Vestland fylkeskommune - Revisjonsrapport

PS 93/23 · Fylkestinget 1. november 2023 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Innstilling frå kontrollutvalet: På bakgrunn av gjennomført overordna eigarskapskontroll i Vestland fylkeskommune ber fylkestinget fylkesordførar i samråd med fylkesdirektør syta for å: 1. Etablere system og rutinar for å sikre at det blir gjennomført: a. risikovurderingar når fylkeskommunen vurderer nye eigarskap. b. risikovurderingar av det administrative arbeidet med eigarskapsforvaltning 2. Sikre rapportering frå eigarrepresentantar til fylkeskommunen v/juridisk seksjon etter gjennomført eigarmøte, i samsvar med eigne retningslinjer for dette. 3. Utarbeide ein årleg rapport til fylkestinget med oversikt over selskapa fylkeskommunen har eigardel i (ev. også med status knytt til viktige hendingar, økonomi ol.) 4. Utarbeide retningslinjer for arbeidet i fylkeskommunen si valnemnd, og sikrar at desse retningslinjene mellom anna inneheld: a. prosedyrar rundt val av kandidatar til selskapsstyra, mellom anna med tanke på vurdering av habilitet, ønska kompetanse, kjønnsbalanse mv. b. retningslinjer for at valnemnda skriftleg grunngjev sine forslag til kandidatar til selskapsstyra. 5. Fremje i formelle eigarmøte (generalforsamling/representantskapsmøte) for relevante selskap der fylkeskommunen er eigar at: a. det blir sett krav om bruk av valkomité ved val av styre. b. det ved val av styremedlemmar blir sikra riktig kjønnsbalanse i styra der dette er påkravd etter regelverket. c. det blir gjennomført opplæring i styrearbeid for selskapsstyra. 6. Sikre oppfølging av eigarskap i samsvar med eigne målsettingar og rutinar på området, under dette: a. Utarbeider eigarstrategi for alle selskap som blir vurdert som strategisk viktige for fylkeskommunen, og gjennom dette ei tydeleggjering av eigar(ane) sine krav og forventningar til selskapet b. Etablerer system og rutinar som sikrar at fylkeskommunen innhentar rapportering i samsvar med utarbeidde eigarstrategiar. 7. Tydeleggjere administrasjonen si rolle i arbeidet med eigarskapsforvaltning ovanfor selskapa og dei folkevalde, til dømes gjennom informasjon på fylkeskommunen sine nettsider og eventuelt i eigarskapsmeldinga. 8. Fylkestinget ber også om at fylkesordførar i samråd med fylkesdirektør lagar ein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet innan 22.01.2024 som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp tilrådingane i rapporten, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.