Vurdering av vikarpool i opplæringssektoren i Vestland fylkeskommune
Innstilling
Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.
1. Fylkesdirektøren vil i samarbeid med tillitsvalde og skulane utarbeide ein rutine for vikartenestene ved skulane i Vestland fylke. Hovudmålet er å sikre elevane rett fagleg kompetanse til rett tid ved lærarfråvær. 2. Rutinen skal utformast slik at det kan takast omsyn til geografi og skulestorleik, samt lokale kompetanseutfordingar. Følgande punkt skal mellom anna inngå: - skulane har oversikt over tilsette i deltid som ønsker å auke stillinga si. Ved utlysing av stillingar skal det så langt råd er, takast grep som kan minke ufrivillig deltid ved skulen. - avdeling for opplæring og kompetanse legg til rette for auka samarbeid om vikarløysingar og erfaringsdeling skulane imellom. - avdeling for opplæring og kompetanse vert informert når skulane har omfattande vanskar med å skaffe vikar, og støtter skulane i desse sakene. 3. Fylkesdirektøren vil følge opp Visma inSchool med mål om å få utvikla rapportar som viser vikarbruk og -behov både på skule og fylkesnivå. 4. Fylkesdirektøren arbeider i tillegg vidare med moglege nettløysingar for vikartenester.
Voteringer
- Innstillinga punkt 1-4Vedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
- punkt 4.Vedtatt
Tilleggsforslag fra Jeanette Onarheim Syversen (R)
Forslagsteksten
der fysisk vikar ikkje er mogleg.
65 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 25. okt. 2023 Fylkesutvalet: Vurdering av vikarpool i opplæringssektoren i Vestland fylkeskommune
- 3. okt. 2023 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Vurdering av vikarpool i opplæringssektoren i Vestland fylkeskommune
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.