Spørsmål frå Aud Hove (Sp): Politisk leiing og politisk arbeid i Innlandet fylkeskommune
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Svar frå fylkesordførar Til det siste først, svaret er ja. Eg har i helga sendt ut ei møteinnkalling til gruppeleiarane. Møtet finn stad rett etter slutten av fylkestinget. Det er fleire forhold som blir teke opp i spørsmålsstillinga som eg trur vi treng å gå igjennom. Det er òg slik at eg dei siste vekene har snakka med fleire av gruppeleiarane om element som blir nemt i dette spørsmålet. Til dømes er det grunnlag for å sjå på tilgang til møterom for dei politiske partia, også utanom «ordinær» opningstid. Partipolitiske møte meiner eg vil skal stimulere til. Vi treng meir, ikkje mindre, av det i vår tid.
Når det gjeld spørsmålet om betydninga av omgrepet «politisk leiing» i ein formannskapsmodell så er dette noko som i stor grad kan formast av fylkestinget sjølv. I ein parlamentarisk modell er det klarare kva som ligg i politisk leiing, då fylkesrådet er representert av medlemmer frå posisjonen.
I formannskapsmodellen vår blir det utøvande organet fylkesutvalet. Det vil likevel innebere at avgjerder treffest ved fleirtalsvoteringar. Fylkestinget har høve til å delegere myndigheit til fylkesutvalet såframt styresmakta ikkje er tillagt fylkestinget sjølv. Vi har òg hovudutval som også i enkelte saker treffer avgjerder, ikkje berre innstillingar.
Verken lova eller forarbeida angir ein definisjon av kva «politisk leiing» er. Men slik vi har organisert oss så er det logisk å definere politisk leiing som hovudutvalsleiarar og ordførar som i rolla si leier møta der avgjerd treffest. To av inngangane i spørsmåla går i retning av korleis informasjonsdeling og gode prosessar i utval eller fylkesting. Her er det først nødvendig å peike på den formelle saksgangen. Altså dei sakene som skal til behandling i utval eller fylkesting. Den prosessen er eigd i stor grad av administrasjonen. Her skal det sørgast for eit likt saksgrunnlag og ein prosess som er føreseieleg slik at dei folkevalde blir sette i stand til å kunne fatte opplyste vedtak. Når det gjeld gode prosessar i denne konteksta så vil det handle om å etablere ein god kultur og ei ryddig møteleiing for avviklinga av dei enkelte møta. Her kviler det eit særleg ansvar på møteleiar, men alle deltakarar må vere med å ta ansvar for ein god møtekultur. Når det gjeld korleis ein forvaltar dei politiske prosessane så er jo dei meir mangfaldig av natur. No blir fylkeskommunen styrt av eit valteknisk samarbeid. Samstundes så har dei fire partia forplikta seg til å prøve å få på plass eit ansvarleg budsjett i avtala si. Vidare er det slik at dei fire partia då også har jamlege møte for å avklare sine syn på mange ulike saker, sjølv om det ikkje ligg ei avtale i botn for dette. Her er det grunn til å tru at ulike typar fleirtal kan måtte finnast for å få vedtak i saker. Det er naturleg at initiativ for dette er saksavhengig og at ein finn ut av behov for det i samband med hovudutvalsbehandling eller fylkesutvalsbehandling. Det er ikkje grunnlag for å etablere ein fast struktur for dette all den tid ein ikkje veit kva saker og evt. når dei kjem. Det kan òg vere at slike fleirtal først finn stad i sjølv møtebehandlinga.
Det er likevel klokt om ein innfører jamlege møte, eller ved behov å kalle inn til møte, med gruppeleiarane for å vurdere om det er moment som kan gjere verksemda vår endå betre.
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.