Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Innlandet · Saker

Spørsmål frå Hove (Sp): Skuleskyss, ansvar og tryggleik på bussen

Spørsmål 40/2026 · Fylkestinget 20. oktober 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Svar frå fylkesordføraren:

1. Slik Innlandstrafikk har oversikt over i dag, er det ikkje utfordringar med kapasiteten på skuleskyssen i fylket, verken for grunnskule eller vidaregåande skule. Frå skulestart kom det tilbakemeldingar om ståplassar på nokre avgangar, men etter at elevane har fordelt seg på fleire bussar der desse går samtidig, har det etter mindre justeringar på dei aktuelle linjene vore tilstrekkeleg kapasitet.

Per i dag har vi melding om ståplassar på ein returtur frå ein skule éin dag i veka. Dette kan skuldast at fleire klassar sluttar tidlegare enn det skulen har meldt inn som sluttid. Innlandstrafikk vil følgje opp dette og setje i verk tiltak dersom dette viser seg å vere eit vedvarande problem og ikkje enkelttilfelle.

2. Innlandstrafikk planlegg all skuleskyss med sitjeplassar, basert på innmelde elevar. For vidaregåande skule er skulens ordinære start- og sluttid utgangspunktet for utrekning av skuleskyssen. For grunnskulen blir skuletransporten planlagd ut frå timeplanane som skulen melder inn. Når det gjeld ståplassar i buss, er dette lovleg på buss klasse I og II, høvesvis bybuss og skulebuss/ordinær rutebuss. Det er forsikringsselskapet til busselskapa som er ansvarleg for eventuelle skadeerstatningar dersom det skulle oppstå skadar.

Dokumenter

Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.