Tilstandsrapport for vidaregåande opplæring i Innlandet fylkeskommune skuleåret 2025-26
Vedtak
1. Fylkestinget tek tilstandsrapporten for vidaregåande opplæring i Innlandet skuleåret 2025–26 til orientering.
2. Fylkestinget ber fylkeskommunedirektøren vidareføre arbeidet med å leggje til rette for at elevar, lærlingar og vaksne deltakarar gjennomfører opplæringa, som eit grunnleggjande verkemiddel for å redusere utanforskapet i Innlandet.
3. Fylkeskommunedirektøren blir beden om å vidareutvikle dialogen med kommunane om overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring. Arbeidet blir forankra i eksisterande samarbeidsarenaer med kommunane.
4. Fylkestinget viser til vedtak i sak 66/25 og ber fylkeskommunedirektøren vidareføre arbeidet med å styrkje elevane sin kompetanse i matematikk og rekrutteringa til realfag.
5. Fylkestinget merkar seg at fråværet i skulen er redusert, og at tilstandsrapporten stadfestar den nære samanhengen mellom nærvær og fullføring. Fylkeskommunedirektøren blir beden om å vidareutvikle arbeidet med å sikre høgt nærvær i opplæringa.
6. Fylkestinget merkar seg nedgangen i mobbetala, men ber fylkeskommunedirektøren følgje opp dei etablerte rutinane og den systematiske oppfølginga av arbeidet for eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø.
7. Fylkestinget merkar seg arbeidet som er gjort gjennom Handlingsplan for psykisk helse, og ber fylkeskommunedirektøren sikre at innsatsområda frå planen blir vidareførte som ein del av fylkeskommunen sitt arbeid.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Aud Gunnhild Hove (Sp) fremja slikt tilleggsforslag punkt 6 - Mobbetal: " Fylkestinget merkar seg nedgangen i mobbetala i snitt for Innlandet i Vg1, men at Vg2 og Vg 3 har ein auke frå skuleåret 2024/2025. Det er også store forskjellar mellom skulestadane. Fylkestinget ber fylkeskommunedirektøren følgje opp dei etablerte rutinane og den systematiske oppfølginga av arbeidet for eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø."
Røysting:
• Tilleggsforslag til punkt 6, fremja av Hove (Sp), fekk 19 røyster (10 Sp, 3 SV, 2 PP, 2 V, 1 KrF og 1 INP) og fall mot 38 røyster (18 Ap, 9 H, 5 FrP, 2 MDG, 2 R og 2 U).
• Innstillinga frå hovudutvalet for utdanning vart deretter samrøystes vedteken med 57 røyster (18 Ap, 9 H, 2 MDG, 10 Sp, 5 FrP, 3 SV, 2 U, 2 V, 2 R, 2 PP, 1 INP og 1 KrF).
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.