Spørsmål frå Aud Hove (Sp): Elevar med særskilte behov
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Fylkesordførers besvarelse:
Hovudutval for utdanning er halde godt orientert om arbeidet med å følgje opp alle fylkestingsvedtaka i sak 66/24 og seinare vedtak på kompetanseområdet. Seinast i møtet i hovudutvalet på Gjøvik 25. mars 2026 vart det gjeve ein grundig gjennomgang av dette. Vedtakspunkta som gjeld elevar med særskilte behov i sakene 66/24, 93/24 og 97/24 heng tett saman, og hovudutvalet er orientert om at oppfølginga av desse vedtaka blir sett i samanheng. Dette arbeidet vil starte opp seinhausten 2026.
Det er elles grunn til å minne om at det i 2024 vart gjennomført to forvaltningsrevisjonar på dette området: «Organisering av spesialundervisning i Innlandet fylkeskommune» og «Oppfølging av elever med behov for spesialundervisning i Innlandet fylkeskommune». Fylkestinget behandla rapportane 20. februar 2024 i sakene 15/24 og 16/24. Fylkestinget merka seg at det var gjennomført eller sett i gang prosessar for å følgje opp tilrådingane frå revisjonen og kontrollutvalet bad om ei oppdatert orientering hausten 2025. Slik orientering vart gjeve for kontrollutvalet i november 2025. Der vart det gjort greie for korleis tilrådingane er følgde opp, mellom anna gjennom nye og reviderte malar for enkeltvedtak, IOP og årsrapport tilpassa kapittel 11 i ny opplæringslov, med tydelegare krav til grunngjeving, samtykke frå eleven og vurdering av barnets beste.
Vidare er det utvikla ein ny digital modul i det skuleadministrative systemet InSchool for dokumentasjon og oppfølging av enkeltvedtak, IOP og årsrapportar. Modulen er planlagd innført ved alle vidaregåande skular frå skuleåret 2026/2027. Avslutningsvis kan det nemnast at Kompetanse og tannhelse sidan januar 2026 har hatt eit utviklande samarbeid med Storsteigen vidaregåande skule, avdeling Nordstumoen. Skoleutvikling, PP-tenesta og Inntak og skoletilbod arbeider saman med skulen for å sikre at elevane ved avdelinga får oppfylt dei lovfesta rettane sine til tilpassa og individuelt tilrettelagd opplæring.
Fylkeskommunedirektøren forutsett ellers at informasjon som den enkelte fagavdeling gjev i kvart enkelt hovedutval om oppfølging av politiske saker, ved behov blir videreformidla internt i kvart parti. Dette for å ivareta hovedutvala si rolle og for å sikre effektiv bruk av ressursane i administrasjonen.
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.