Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Innlandet · Saker

Endring av fylkestilhøyrsle for Gran kommune - prinsippielle avklaringar

Sak 29/2026 · Fylkestinget 16. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Innlandet fylkeskommune legg til grunn eit geografisk fordelingsprinsipp ved overføring av Gran kommune til Akershus fylkeskommune.

2. For dei berørte tilsette i Innlandet fylkeskommune vil verksemdsoverdraging jf. Arbeidsmiljølova kap. 16 leggjast til grunn.

3. Fylkesskiftet skjer midt i eit skuleår. Innlandet fylkeskommune fattar vedtak om kva for tilbod som skal setjast i gang ved Hadeland vidaregåande skule for skuleåret 2027/28. Det blir lagt til grunn at Akershus fylkeskommune hausten 2027 tek stilling til tilbodstrukturen for skuleåret 2028/29.

4. Fylkeskommunedirektøren får fullmakt til å opprette dialog med Akershus fylkeskommune om avtale for overføringa av Gran kommune, og med Statens vegvesen om historiske investeringar.

5. Ny sak blir lagd fram for politisk handsaming våren 2027.

6. Innlandet fylkeskommune meiner at ein også i samband med grensejustering mellom rovviltregion 3 og 4 må legge til grunn eit geografisk fordelingsprinsipp for ynglingar.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Aud Hove (Sp) fremma på vegne av Sp, H, FrP, MDG, PP og V følgjande tilleggsforslag til nytt punkt 6: "Innlandet fylkeskommune meiner at ein også i samband med grensejustering mellom rovviltregion 3 og 4 må legge til grunn eit geografisk fordelingsprinsipp for ynglingar."

• Forslag fremma av Aud Hove (Sp) vart vedteke med 39 røyster (10 Sp, 9 H, 5 FrP, 3 SV, 2 MDG, 2 PP, 2 R, 2 V, 2 INP, 1 KrF, 1 U). 18 røysta mot (18 Ap).

• Innstillinga frå fylkesutvalet var samrøystes vedteke med 57 røyster.

Dokumenter

Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.