V61701 Sentrum vgs., Bygghall og undervisningsrom
Vedtak
1. Fylkestinget gir fylkeskommunedirektøren fullmakt til å byggje bygghall m.m. ved Sentrum vidaregåande skule slik det er skildra i vedlagde forprosjektrapport, innanfor ei kostnadsramme (P85) på 194,3 mill. kroner inkludert meirverdiavgift (kostnadsnivå januar 2026), der prosjektet sitt interne styringsmål og venta sluttkostnad (P50) er 172,3 mill. kroner.
2. Det er i økonomiplanen 2026–2029 sett av 165 mill. kroner til prosjektet. Resterande finansiering opp til kostnadsramma (P85) på 28,3 mill. kroner blir henta frå prosjektet «Skule-og tilbodstruktur, internatbygg», som blir redusert med tilsvarande beløp. Dette blir innarbeidd i økonomiplan 2027–2030.
3. Fylkestinget gir fylkeskommunedirektøren fullmakt til å inngå en leigeavtale med Kongsvinger kommune om etablering av kompetansesenter. Det er ein føresetnad at Kongsvinger kommune dekkjer alle kostnader knytte til etableringa, inkludert byggekostnader og eigarkostnader (via langvarig leigeavtale), og sjølv står for inventar, utstyr og driftskostnader av senteret. Dette må forankrast i ein bindande avtale før byggestart.
4. Gitt vilkåra i punkt 3 gir fylkestinget fylkeskommunedirektøren fullmakt til å byggje eit kompetansesenter i ein 4. etasje (og delar av 3. etasje) i nybygget ved Sentrum vidaregåande skule slik det er skildra, til ein kostnad anslått til mellom 80 og 85 mill. kroner.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
• Innstillinga frå fylkesutvalet i punkt 1 og 2 vart samrøystes vedteken
• Innstillinga frå fylkesutvalet i punkt 3 og 4 vart vedteken med 51 røyster (18 Ap, 9 H, 10 Sp, 3 SV, 2 MDG, 2 PP, 1 R, 2 V, 2 INP, 1 KrF, 1 U, Juvem) mot 6 røyster (5 FrP, 1 U Øvstegård)
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.