Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Innlandet · Saker

Yrkesfag kombinert med idrett i Gjøvikregionen

Sak 11/2026 · Fylkestinget 21. april 2026 · Behandlet

Vedtak

Fylkestinget vedtek å etablere eit kombinert tilbod innan yrkesfag og idrett ved Lena-Valle vidaregåande skule frå skuleåret 2027/28.

Tilbodet skal organiserast slik at kvaliteten i yrkesfagleg opplæring og tilgang på læreplassar blir sikra, mellom anna gjennom fleksibel organisering av yrkesfagleg fordjuping (YFF) i samarbeid med relevante lærebedrifter.

Fylkeskommunedirektøren bes utarbeide ein modell for gjennomføring som understøttar god kvalitet, høg gjennomføring og lokale behov i Gjøvikregionen.

Innrettinga på tilbodet skal leggjast fram i ei sak for Hovudutval for utdanning seinast i løpet av oktober 2026.

Tilbodet evaluerast på lik line med andre tilbod i samband med igangsetjing av ny fireårig tilbodstruktur frå skuleåret 2030/31

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Ole Mathias Rønaasen (Sp) fremja følgjande framlegg:

"Fylkestinget vedtek å ikkje etablere eit kombinert tilbod innan yrkesfag og idrett, grunna allereie svært høg andel yrkesfag i fylket, svekka YFF og risiko for negativ påverknad på læreplassformidlinga."

Framlegget fremja av Rønaasen vart sett opp mot innstillinga frå hovudutvalet for utdanning.

• Innstillinga frå hovudutvalet for utdanning vart vedteken med 47 stemmer (18 Ap, 9 H, 5 FrP, 3 SV, 2 INP, 2 MDG, 1 R, 2 V, 1 KrF, 2 U)

• Framlegget frå Rønaasen fall med 12 stemmer (10 Sp, 2 PP)

Dokumenter

Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.