Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Innlandet · Saker

Spørsmål fra Bakken (SV): Bussar som ikkje går

Spørsmål 3/2026 · Fylkestinget 10. februar 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Fylkesordførers besvarelse:

Innlandstrafikk har sanntidsinformasjon i Entur. Dette blir vist både i appen og på sanntidsskjermane våre på knutepunkt og haldeplassar. Kunden kan også fylje bussen sin i ein kartfunksjon og sjå den “live” i Entur-appen. Alle planlagde avvik blir lagt ut i Entur-appen og det er mogleg å abonnere på avvik på dei busslinjene ein ynskjer. God sanntid er høgt prioritert og Innlandstrafikk arbeider tett med Entur for å finne stadig betre løysningar.

Framkommelegheit på vegnettet i Lillehammer er ein utfordring som til tider skaper forseinkingar på bussene. Spesielt gjeld dette Bankenkrysset og Fåberggata i rushtid, fordi bussane står i same kø som bilane. Stenging av Sigrid Undsetsveg har medført omkøyring og økt trafikk her. Ein vinter med snø og dårleg føre påverkar også trafikkbildet negativt. Dersom forsinkelsen på ei busslinje blir for stor, vil bussen enten stå over ein avgang, eller skifte retning, for å få bussene raskare tilbake i planlagt rute.

Innlandstrafikk er bekymra for korleis stenging av Lillehammer skysstasjon vil påverke dette ytterlegare. Høg prioritet i vegnettet er avgjerande for å klare å levere eit attraktivt busstilbod i denne perioden. Bybusstilbodet blir stramma opp og justert for å motvirke ulempene. Dette vil kunne gje eit enda betre busstilbod, til blant anna Universitetet, enn i dag.

Den største drivaren for å få fleire til å la bilen stå og velgje bussen, er eit godt og påliteleg busstilbod. Eit tilbod som er enkelt å finne og enkelt å bruke. Viktige bodskap til kundane er Entur, som gjer det enkelt å planlegge bussreisa og betale billetten, og marknadskampanjar som oppfordrar fleire til å velgje bussen til ulike reiser. I tillegg er all oppfølging av kundar viktig, og dette blir gjort av Kundesenteret, Servicepunkt, uteaktivitet og buss-sjåførane.

Innlandstrafikk arbeider heile tida med å gje eit best mogleg busstilbod innanfor dagens økonomiske ramme og opp mot vedteke Handlingsplan for kollektivtransport i Innlandet. Det er ønskeleg å kunne tilby eit godt tilbod også for pendlarane som arbeider skift, men de er ei vanskeleg målgruppe ved at dei bur spreidd, reiser til ulike bedrifter og til ulike tider. For å lukkast må fleire busslinjer aukast, noko som er krevjande innanfor dagens økonomiske rammer.

Mobilitetsprosjektet Grønn jobbreise er viktig for å få økt innsikt i kva som skal til for å få fleire til å sette frå seg bilen og velgje buss, sykkel eller gå til jobb. Her blir det arbeidt med å skaffe gode ambassadørar i samarbeidsbedriftene, og finne dei beste tiltaka som bidreg til endring i reisevanar hjå fleire.

Dokumenter

Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.