Spørsmål fra Juvem (R): Bruk av nynorsk i fylkeskommunen
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Fylkestinget vedtok i oktober 2022 en ambisjon om minst 10 prosent nynorsk i allment tilgjengelege dokument og tekstar frå fylkeskommunen.
Foranledninga var eit førebudd forslag frå Olav Røssum fremma i fylkestinget i april same år, i samanheng med at Noreg fekk si første heilskaplege språklov frå og med 1. januar 2022. Føremålet med språklova er å styrkje norsk språk. Lova skal sikre at alle offentlege organ fremjar likestilling mellom bokmål og nynorsk. Der den gamle mållova ga fylkeskommunane berre rettar, medfører den nåverande språklova tydelege pliktar for fylkeskommunane.
For Innlandet fylkeskommune inneber det eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte skriftspråket i fylket. Innlandet består av 22 bokmålskommunar, 7 nynorskkommunar og 17 kommunar som er språknøytrale. Om lag 5,5 prosent av innbyggarane bor i nynorskkommunane. Innlandet kjem da innunder § 13 i språklova («meir enn éin, men mindre enn ein fjerdedel»).
Da fylkestinget vedtok Språkrettleiar for tilsette i Innlandet fylkeskommune, valte man å legge seg på same nivå som Statsforvaltaren:
• Minst 10 prosent av allment tilgjengelege dokument skal vere på nynorsk.
• Ved skriv til alle kommunane samla, kan vi velje om vi skriv på bokmål eller nynorsk.
• Er det snakk om eit utval kommunar, skal vi bruke det som er fleirtalsspråk for området. Dette er aktuelt for Valdres og Gudbrandsdalen.
• Enkeltkommunar skal få informasjon på det språket dei har fatta vedtak om. Om det er snakk om ein språknøytral kommune, kan vi velje skriftspråk.
Organisasjonen er ikkje i mål med dette arbeidet. Og sjølv om det merksemd på å få opp nynorskprosenten, er det i den samanheng ei utfordring at fleirtalet av kommunane våre har valt bokmål som skriftform. Dei har same krav på at vi bruker deira målform til dei, som nynorskkommunane har. Mange av dei politiske sakane omhandlar desse kommunane. Sidan vedtaket om 10 prosent nynorsk vart gjort, har administrasjonen telt saker. Det første året, i 2023, var 5,5 prosent av alle politiske saker på nynorsk. Situasjonen var omtrent den same i fjor, men i år har det begynt å betre seg. Til nå i år, til og med dette fylkestinget, har 9 prosent av alle saker – i hovudutvala, i fylkesutvalet og fylkestinget – vore på nynorsk.
Nyhetane på nettsidene våre gjenspeiler i stor grad målforma i dei politiske saksdokumenta, og nynorskprosenten i midten av denne månaden var på 7,5. Her skal det tilførast at det er gjort ein jobb for å reindyrke nettsidene til dei tre nynorskskulane Nord-Gudbrandsdal, Vinstra og Valdres. Her skal innhaldet vere på nynorsk så langt det er praktisk råd, berre noko av fellesstoffet for alle skulane er på bokmål. Vi har og ein rein nynorsknettstad i Kunsten å lære.
Oversikta viser altså at vi går i riktig retning, men at vi fortsett har litt å strekke oss etter, nokre avdelingar meir enn andre. Dei fleste skriv naturleg nok best på det språket dei beherskar best, og fylkeskommunen ønsker å kommunisere på ein så god og korrekt måte som mogleg. Det er utfordrande for mange å måtte bruke eit skriftspråk dei kanskje ikkje har brukt på 20-30 år og som dei ikkje føler seg like stødige på.
For å avhjelpe dette er det mellom anna kjøpt inn ein digital nynorskomsetjar som dei tilsette kan bruke. Nokre avdelingar er også flinke til å bruke årshjul til å planlegge kva for saker som skal skrivast på nynorsk. Om alle følger opp gode råd og pålegg i språkrettleiaren, bør det vere mogleg å nå 10- prosenten.
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.