Spørsmål frå Hove (Sp): Status på framdrift og kostnadar for nybygg og ombygging av undervisingslokaler i samband med ny skule- og tilbodsstruktur
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Spørsmålet ble referert av spørsmålsstiller.
Spørsmålet ble besvart av kompetanse- og tannhelsesjef Aasa Gjestvang:
Sidan november har det vore gjennomførte møte med brukaren for å kartleggja behova for å gjera endringar i bygningsmassen. Det er utarbeidd løysingar for kvar enkelt skulestad som omfattar ombygging og i nokre tilfelle mindre nybygg og modulbygg. Framdrifta er noko ulik for dei ulike skulestadene/studieretningane. Nokre prosjekt er avtalte ferdigstilte til skulestart 2025, medan for andre er det ei seinare ferdigstilling, *jfr. framdrift i politisk vedtak i tinga oktober 2024. Pr. juni 2025 er prosjekta i samsvar med den framdrifta som er sett. Det vil førekomma noko kompletteringsarbeidar etter skulestart.
Det er utarbeidd planar og teikningar for dei ulike prosjekta. Dette er gjort i samarbeid med dei aktuelle skulane. For prosjekt som kjem til seinare politisk behandling, blir no prosjekteringsarbeid gjennomført.
I økonomiplanen for 2025-2028 er prosjektet «Skule og tilbodsstruktur Ombygging og nybygg» vedtekne, med ei kostnadsramme totalt på 80.000.000 mill. kroner. I tillegg er det reservert midlar til internat (kostnadsramme 200.000.000 mill. kroner) og nybygg bygghall (kostnadsramme 60.000.000 mill. kroner). Då det gjeld modulbygg har desse ein kortare tidshorisont slik at kostnader knytte til desse må belastast driftsbudsjettet. Her blir midlar nytta avsette for mellombelse skulelokale. Midlane er fordelte mellom dei ulike prosjekta i forhold til omfang og vald løysing.
Det er sett ned prosjektgruppe/arbeidsgruppe for kvar enkelt skulestad der Eiendom, Kompetanse og Tannhelse, skuleleiing, verneombod, tillitsvalde og andre tilsette på skulestadene har delteke. I oppstart av prosjekta vart det definert brukargrupper der ulike fagmiljø spelte inn behova og ønska sine til prosjektgruppa. I dei prosjekta som er søknadspliktige (offentleg saksbehandling) har vernetenesta ved skulane behandla desse ihht. lovverket. Lokale AMU på skulane har vore involvert på vanleg måte.
Når det gjelder utredning av behov for internat / hybelhus, så er saken satt på sakskartet til fylkesutvalgets møte 24. juni. Innkalling til møtet ble sendt mandag 16. juni.
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.