Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Innlandet · Saker

Inkluderande og helsefremjande avgangsmarkering

Sak 22/2025 · Fylkestinget 8. april 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Innlandet fylkeskommune støttar dei nasjonale overordna måla for ein ny, trygg og inkluderande avgangsmarkering.

2. Innlandet fylkeskommune forpliktar seg til å initiere eit samarbeid med kommunane for å finne eigna lokasjonar for feiringa. Feiringa skal vere inkluderande for alle avgangselevane uavhengig av om eleven har valt å vere russ eller ikkje.

3. Skulane i Innlandet fylkeskommune skal gjennomføre inkluderande skulemiljøtiltak for avgangselevane.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Anne Lise Fredlund (SV) fremmet på vegne av SV, AP og MdG følgende endring i punkt 2:

2. Innlandet fylkeskommune forpliktar seg til å initiere eit samarbeid med kommunane for å finne eigna lokasjonar for feiringa. Feiringa skal vere inkluderande for alle avgangselevane uavhengig av om eleven har valt å vere russ eller ikkje.

Ole Mathias Rønaasen (SP) fremja på vegner av SP følgjande nye punkt:

Dersom eksamen blir flytta til før 17. mai, må det gjerast endringar i læreplanen for å sikre at ein opprettheld kvaliteten og innhaldet også i det siste semesteret av skuleløpet.

Jostein Kristiansen (FrP) fremja på vegner av FrP følgjande tillegg til punkt 2:

Fylkeskommunen skal så langt det er mogleg leggje til rette for bruk av fylkeskommunal grunn også utanfor skuletid.

Jostein Kristiansen (FrP) fremja på vegner av FrP følgjande tilleggspunkt 4:

Fylkestinget vedtek at det ikkje skal innførast fylkeskommunal skuleuniform i form av skulegensarar for avgangselevar.

Joakim Ekseth (H) fremja på vegner av H følgjande nye punkt 3:

Fylkestinget ber om at fylkeskommunedirektør søkjer å utarbeide felles retningslinjer i Innlandet i samarbeid med Innlandet politidistrikt vedkomande handheving av alkohol og alkohollovgivinga og praktisering av dette på fylkesnivå.

• Forslag tilleggspunkt 4 fremja av Kristiansen fall med 5 stemmer (FrP) mot 52 stemmer (18 Ap, 10 H, 10 Sp, 3 SV, 2 MDG, 2 PP, 2 R, 2 V, 2 INP, 1 KrF)

• Forslag nytt punkt 3 fremja av Ekseth fall med 17 stemmer (10 H, 1 FrP, 2 MDG, 2 V, 2 INP) mot 40 stemmer (18 Ap, 10 Sp, 4 FrP, 3 SV, 2 PP, 2 R, 1 KrF)

• Forslag endring i punkt 2 fremja av Fredlund blei einstemmig vedteke med 57 stemmer (18 Ap, 10 H, 10 Sp, 3 SV, 2 MDG, 2 PP, 2 R, 2 V, 2 INP, 1 KrF, 5 FrP)

• Forslag tillegg til punkt 2 fremja av Kristiansen fall med 24 stemmer (10 H, 3 Sp, 5 FrP, 2 MDG, 2 V, 2 INP) mot 33 stemmer (18 Ap, 7 Sp, 3 SV, 2 PP, 2 R, 1 KrF)

• Forslag nytt punkt 4 fremja av Rønaasen fall med 21 stemmer (10 Sp, 5 FrP, 1 PP, 2 V, 2 INP, 1 KrF) mot 36 stemmer (18 Ap, 10 H, 3 SV, 2 MDG, 1 PP, 2 R)

• Innstillinga frå hovudutval for utdanning i sin heilskap blei vedteke med 52 stemmer (18 Ap, 10 H, 10 Sp, 3 SV, 2 MDG, 2 PP, 2 R, 2 V, 2 INP, 1 KrF) mot 5 stemmer (FrP)

Dokumenter

Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.