Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Innlandet · Saker

Spørsmål frå Aud Gunnhild Hove (Sp): kapasitet ved dei vidaregåande skulane

Spørsmål 6/2025 · Fylkestinget 11. februar 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Spørsmålet blei referert av spørsmålsstillar.

Spørsmålet blei besvart av avdelingssjef kompetanse og tannhelse, Aasa Gjestvang:

Oversikt over elevtal pr 01.10.24 følgjer under. Tala viser elevar i ordinær vidaregåande opplæring. Elevar i kombinasjonsklassar er trekt ut. Elevar som går i alternativt vg3-løp er heller ikkje med. Antal elevar per skule per 01.10.24:

Antal elevar totalt Dokka vgs: 266 Antal elevar totalt Elverum vgs: 940 Antal elevar totalt Gausdal vgs: 226 Antal elevar totalt Gjøvik vgs: 1048 Antal elevar totalt Hadeland vgs: 779 Antal elevar totalt Hamar katedralskule: 1132 Antal elevar totalt Jønsberg vgs: 218 Antal elevar totalt Lena-Valle vgs: 587 Antal elevar totalt Lillehammer vgs: 1082 Antal elevar totalt Nord-Gudbrandsdal vgs: 342 Antal elevar totalt Nord-Østerdal vgs: 368 Antal elevar totalt Raufoss vgs: 414 Antal elevar totalt Ringsaker vgs: 785 Antal elevar totalt Sentrum vgs: 537 Antal elevar totalt Skarnes vgs: 174 Antal elevar totalt Solør vgs: 437 Antal elevar totalt Stange vgs: 424 Antal elevar totalt Storhamar vgs: 526 Antal elevar totalt Storsteigen vgs: 105 Antal elevar totalt Trysil vgs: 167 Antal elevar totalt Valdres vgs: 388 Antal elevar totalt Vinstra vgs: 346 Antal elevar totalt Øvrebyen vgs: 366 Når det gjeld dimensjonering er det ikkje mogleg å gi nøyaktige tal på dette då det er avhengig av tilgjengeleg areal på skulane og fordeling av elevar mellom utdanningsprogram. Generelt sett er det slik at dei fleste skulane har hatt eit høgare elevtal tidlegare enn kva dei har no.

Det blir no arbeidd med å gjere tilpassingar på dei skulane som skal ta imot elevane frå Dokka og Skarnes. Det er gode prosessar knytt til dette arbeidet, som blir samordna frå Eigedom og Kompetanse og tannhelse. Det vil vere kapasitet til alle elevane frå skulestart 2025.

«Tomme pultar» er eit omgrep som blir brukt om oppfyllingsgrad. Oppfyllingsgraden blir rekna ut frå plasstala på dei tilboda som blir sett i gang. Det er mange skular som i utgangspunktet har plass til fleire elevar, fordi dei allereie har redusert på talet på parallellar eller tatt ut tilbod. Ein kan derfor ikkje basere seg på oppfyllingsgrad åleine, det må sjåast i samanheng med tilgjengeleg areal på skulen. Dette forholdet er også nærare beskrive tidlegare, i prosessen knytt til skule- og tilbodstruktur.

Det blir planlagt med ei oppdimensjonering av talet på klassar på dei skulane som tar imot elevar frå dei skulane/skulestadene som blir avvikla. Endeleg dimensjonering ved dei ulike skulane avheng av søkartala. Oversikt over dette vil vi først få etter at søknadsfristen er utløpt og det er gjennomført eit prøveinntak.

Dokumenter

Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.