Spørsmål frå Aud Gunnhild Hove (Sp): Situasjonen for tilsette ved VGS
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Spørsmålet blei referert av spørsmålsstillar.
Spørsmålet blei besvart av avdelingssjef kompetanse og tannhelse, Aasa Gjestvang:
Fylkeskommunedirektøren gjennomførte to dagar etter vedtaket allmøte for alle tilsette, og det har i tillegg vore ulike møte på den enkelte skule. Fylkeskommunedirektøren og kompetanse og tannhelse var på dei fire skulane som fekk avviklingsvedtak kort tid etter vedtaket og møtte elevar, leiing og tilsette. HR har gjennomført fleire digitale møte for skuleleiarane, for å setje desse betre i stand til å informere godt lokalt. Kompetanse og tannhelse har på vanleg måte jamlege møte med rektorkollegiet, som også ivaretek tilsette og informasjon på eigen skule.
Det er lokal leiing på skulen som har personalansvar og følgjer opp dei tilsette til dagleg. Kompetanse og tannhelse og HR bidreg med støtte til lokal leiing i dette arbeidet. Det har også blitt gitt tilbod om støttesamtalar frå BHT til tilsette på lokasjonar som er råka. Mange har takka ja til dette.
HR er fagleg ansvarleg for omstillings- og nedbemanningsprosessen overfor personalet, og har utarbeidd ein tidsplan for denne prosessen. Dei fellestillitsvalde deltek i arbeidet. Tidsplanen og all anna informasjon knytt til prosessen er enkelt tilgjengeleg for alle tilsette på Intranett, og det har som nemnt vore gjennomført fleire møte med skuleleiarane for å sikre informasjon til desse i vidare arbeid overfor tilsette lokalt. Det er naturleg nok svært krevjande for tilsette og leiarar å stå i ei så stor omstilling, og det er heilt pårekneleg og naturleg at det blir uro og usikkerheit i ei slik prosess.
I omstillingsprosessen er det no utarbeidd tentative bemanningsplanar, og det vil på seinare steg i prosessen bli gjort innplassering av tilsette i ny stilling samt vurdering av eventuell overtall. Det er drøfta utveljingskriterium, og sosiale omsyn er eit av kriteriuma som skal vektleggjast. Som nemnt er det vanskeleg for tilsette og leiarar å oppleve usikkerheit knytt til eigen arbeidssituasjon. For enkelte kan dette føre til sjukdom. Erfaringa til no er at dette gjerne er knytt til samansette årsaksforhold og livssituasjonar. Oppfølging av sjukmelde og generelt nærværsarbeid blir ivareteke på vanleg måte av lokal leiing på skulen. HR bistår ved behov.
Rektorane står i ei svært krevjande situasjon med sterk grad av krysspress. Det er derfor viktig å ivareta desse med leiarstøtte. Dette blir ivareteke hovudsakleg frå kompetanse og tannhelse, i dialog med den enkelte og dennes behov.
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.