Spørsmål frå Aud Gunnhild Hove (Sp): Orientering til elevane som mistar nærskulen sin
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Spørsmålet blei referert av spørsmålsstillar.
Spørsmålet blei besvart av avdelingssjef kompetanse og tannhelse, Aasa Gjestvang:
Det er utarbeidd ein eigen kommunikasjonsplan for å sikre god informasjon til noverande og nye elevar. For elevane som går i vidaregåande i dag har det vore informasjon på skulen, både for elevane og foreldremøte. I desse møta har det vore informert om tilbodet på dei aktuelle skulane frå desse.
På Dokka, Skarnes og i Lom har det overfor elevar og føresette i tillegg vore informasjon frå inntakskontoret og Innlandstrafikk. Fylkeskommunen har hatt eigne møte med rådgivarane i ungdomsskulen, som er ansvarleg for informasjon til elevar og føresette i 10. klasse. Utprøvingsdagane for 10. klassingane hausten 2024 var også tilpassa ny skule- og tilbodstruktur.
Ny skule- og tilbodstruktur er no under implementering, og skulane som skal ta imot nye elevar og tilsette er godt i gang med planlegginga. Kva for tilbod som blir sett i gang vil avhenge av elevanes søking og blir bestemt i hovudutval for utdanning seinare i vår.
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.