Spørsmål frå Aud Gunnhild Hove (Sp): Programfaget bioøkonomi ved Dokka vidaregåande skule
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Spørsmålet blei referert av spørsmålsstillar.
Spørsmålet blei besvart av avdelingssjef kompetanse og tannhelse, Aasa Gjestvang:
Det er gjort ei kartlegging av elevane på Vg2 som er i forsøket for å kunne vurdere kva løysingsmoglegheiter som finst. Innlandet fylkeskommune har eit ansvar for å sikre at elevane får eit gyldig vitnemål. Det er fire elevar på Vg2 som har ein kombinasjon av programfag som inneber at dei ikkje vil få vitnemål etter endt Vg3 dersom dei ikkje tek bioøkonomi på Vg3-nivå neste skuleår. Elevar på studieførebuande skal velje tre programfag på Vg2 og tre programfag på Vg3. Minst to av programfaga på både Vg2 og Vg3 må vere innanfor same programområde, dvs. anten språk/samfunnsfag/økonomi eller realfag. Eleven må gå vidare på Vg3 med to av dei same programfaga frå same programområde på Vg3.
Det har vore tett dialog med elevane som deltek i forsøket heilt sidan før vedtaket om avvikling blei gjort i oktober 2024, for å kome fram til løysingar for den enkelte i denne situasjonen. Det har vore skissert ulike løysingsforslag for elevane, slik at alle får eit godkjent vitnemål etter endt opplæring. Elevane har ikkje ønskja å ta faget ved ein annan skule, og det blir derfor lagt opp til at dei kan ta faget som privatist våren 2025. Fylkeskommunen dekkjer alle utgiftene i samband med dette.
Skulen har hatt ein omfattande dialog med føresette og elevar undervegs i forsøket og særskilt etter vedtaket om skulenedlegging. Alternativ for elevane har blitt grundig gjennomgått. Skuleeigar har ansvar for å sikre at slik dialog finn stad, og det har vore tett kontakt mellom skulen og sentraladministrasjonen i saka. Det er skuleleiinga som er ansvarleg for sine elevar, og som har ivareteke kontakten med dei på vanleg måte
Dokumenter
Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.