Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Rogaland · Saker

Interpellasjon til fylkestinget 22. september 2026 - Sjukefråvær og kvinnehelse (KrF)

Interpellasjon 9/2026 · Fylkestinget 22. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Svar frå fylkesordførar:

Takk for viktige spørsmål. Fylkesordføraren deler vurderinga av at kvinnehelse er eit tema som fortener større merksemd i arbeidslivet. Sjølv om mange av utfordringane ligg utanfor fylkeskommunen sitt ansvarsområde, kan vi som arbeidsgjevar bidra gjennom kunnskap, openheit og god tilrettelegging. Rogaland fylkeskommune sin IA-handlingsplan for 2025–2028 vart behandla og vedteken i administrasjonsutvalet sitt møte 23.10.2025 (sak 16/2025). Kvinnehelse kan inngå som eit særskilt perspektiv i det vidare IA-arbeidet. I den vedtekne handlingsplanen er det mellom anna lagt opp til å analysere sjukefråværsdata med særleg merksemd på grupper med høgt fråvær, og følgje dette opp gjennom nærare kartlegging og målretta tiltak. Vidare kan kunnskapen om kvinnehelse styrkjast gjennom informasjonstiltak og opplæring, slik at arbeidsplassane i større grad kan vere merksame på aktuelle helseutfordringar og leggje betre til rette for tilsette som blir råka av desse. Administrasjonen gjennomførte våren 2025 informasjonsmøte om kvinnehelse og overgangsalder i samarbeid med Universitetet i Bergen. Tiltaket vart svært godt motteke. Det blir no vurdert korleis eit slikt tilbod kan gjerast tilgjengeleg for fleire innanfor gjeldande ressurs- og kapasitetsrammer. Fylkesordførar er glad for at Rogaland fylkeskommune sin administrasjon allereie har gjort tiltak for å bidra til at tilsette i eigen organisasjon får viktig informasjon om kvinnehelse. Eg vil be administrasjonen halde fram arbeidet med å gjera tilbodet tilgjengeleg for fleire tilsette. Eg vil også be administrasjonen vurdere andre tiltak som kan bidra til at Rogaland fylkeskommune er ein god arbeidsstad, uavhengig av kva fase i livet ein medarbeidar er i. Kvinnehelse bør vere ein naturleg del av arbeidet med arbeidsmiljø, inkludering og førebygging av sjukefråvær.

Dokumenter

Kilde: fylkeskommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.